Informasjon om flyktninger til institusjoner

Krigen i Ukraina har ført til den største flyktningkrisa i Europa sidan andre verdskrigen og svært mange personar frå Ukraina er venta å komme til Noreg.  

Mange er allereie komne og har fått innvilga søknad om kollektivt vern i ein massefluktsituasjon, jf. utlendingslova § 34. Tilgang til høgare utdanning vil vere viktig for at desse skal lukkast med å komme ut i arbeid eller halde fram utdanninga si. Likeins kan tilgang til høgare utdanning vere ein nøkkel til tidleg integrering og økonomisk sjølvstende for flyktningar som har fått innvilga individuelt asyl etter §28 i utlendingslova.

Auka kapasitet i høgare utdanning

Med bakgrunn i dette har regjeringa løyva totalt 47,8 millionar til statlege og private universitet og høgskolar for at dei skal kunne gi flyktningar som kjem til Noreg ein sjanse til å starte eller halde fram i høgare utdanning. Midlane skal gi institusjonane auka utdanningskapasitet og fleksibilitet til å tilpasse nødvendige studietilbod etter faktiske behov og etterspurnad blant flyktningane.

Målgruppe

Målgruppa er alle som har fått innvilga opphald etter kap. 4 § 34 (kollektivt vern) og § 28 (individuelt asyl) i utlendingslova. Søkjarar til studieplassar for flyktningar må vere registrert i Noreg og ha fått innvilga opphald på søknadstidspunktet, men dei må ikkje nødvendigvis vere busett. Det skal ikkje skiljast på nasjonalitet.

Mellombels endring i reglane for opptak

Kunnskapsdepartementet har 28. juni 2022 fastsett ei mellombels endring i Forskrift om opptak til høgare utdanning. Endringa gjeld studieåret 2022/23 og gir institusjonane høve til å gi dispensasjon frå kravet om generell studiekompetanse til søkjarar med opphaldsløyve etter kapittel 4 i Utlendingslova, som har faglege føresetnader for å gjennomføre det aktuelle studiet. Det skal ikkje takast omsyn til opphavsland. Søknad om opphald i Noreg må vere ferdig behandla og innvilga, men flyktningane treng ikkje å ha bli busett. Sjå KDs brev til institusjonane datert 30.06.2022 for meir informasjon om desse endringane.

Lenker

05.03.2022: Informasjon om konsekvenser av krigen i Ukraina for høyere utdannings- og forskningssektoren (pdf)

05.04.2022: Informasjon om økt studiekapasitet i universitets- og høyskolesektoren som følge av krigen i Ukraina (pdf)

 30.05.2022: Supplerende tildelings- og tilskuddsbrev til universiteter og høyskoler som følgje av krigen i Ukraina (pdf)

30.06.2022: Informasjon om endring i opptaksforskriften (pdf)